Utviklar og masterstudent i datateknologi ved NTNU.

Eg heiter Vebjørn Viem Elvekrok, er 23 år gamal og kjem frå Jostedal på Vestlandet. For tida bur eg i Trondheim, der eg studerer siste året integrert master i datateknologi ved NTNU med fordjuping i visuell datahandsaming.

Så lenge eg kan hugse har datamaskiner og teknologi både fascinert og engasjert meg. Allereie i tiårsalderen byrja eg så smått å utvikle mine eigne nettbaserte spel, då i det blokkbaserte programmeringsspråket Scratch.

I dag har eg erfaring innan eit breidt spekter av programmeringsspråk, teknologiar og rammeverk, og arbeider profesjonelt med ei handfull.

Når eg ikkje kodar, speler eg trommer i band, buldrar, reiser rundt i verda, eller klimprar på gitaren min.

Vebjørn på kanten av eit raudt sandsteinsplatå over ein elvesving
Vebjørn som buldrar i sandstein.
Portrett av Vebjørn i kveldssol, med caps
Vebjørn med diplomet frå UC Santa Barbara nede ved stranda

Nedanfor kan du lese litt om mi profesjonelle erfaring opp gjennom åra.

  1. Kantega SSO

    Utviklar · Deltid

    apr. 2026 – i dag

    Utviklar ein plugin for Atlassian Marketplace som gir oversikt over brukaraktivitet i Jira og Confluence, og som automatiserer opprydding og offboarding for å halde lisenskostnadene nede.

    AtlassianReacttRPC
  2. EdBox

    Utviklar · Deltid

    jan. 2025 – i dag

    Leiar utviklinga av ei ny lærings- og undervisningsplattform der studentar og førelesarar kan stille spørsmål og diskutere undervegs i forelesinga.

    Next.jsTailwindCSSPostgreSQLSupabaseDrizzle
  3. Abakus Webkomite

    Utviklar og tidlegare nestleiar · Verv

    sep. 2023 – i dag

    Utviklar i komiteen som har ansvaret for nettstaden og dei andre digitale tenestene til linjeforeininga for datateknologi og cyberstryggleik ved NTNU.

    Next.jsDjangoLinuxDocker
  4. Kantega

    Utviklar · Sumarvikar

    juni 2025 – juli 2025

    Bygde plattformen til partnarnettverket til Rosenborg Ballklub frå grunnen av, i eit tverrfagleg team med fire utviklarar og to designarar.

    Next.jsTailwindCSSMongoDBPayload CMSHubSpotDevopsDocker
  5. NTNU

    Læringsassistent · Deltid

    aug. 2026 – des. 2026

    Rettleiar og undervisar i TDT4109.

    Læringsassistent · Deltid

    aug. 2024 – des. 2024

    Rettleiar og undervisar i TDT4110.

    Python
  6. Luster Sparebank

    Utviklar og IT-ansvarleg · Sumarvikar

    juni 2024 – aug. 2024

    Bygde ei rekkje interne verktøy for å effektivisere og digitalisere drifta i banken, og hadde ansvaret for teknisk støtte og digitale system.

    ReactPower PlatformVBA
  7. Rocketfarm AS

    Utviklar · Deltid

    feb. 2022 – sep. 2023

    Utvikla simuleringsverktøyet i myrobot.cloud, webapplikasjonen for palleteringsprogramvara Rocketfarm distribuerer, i eit mindre utviklarteam.

    Utviklar · Sumarvikar

    juni 2021 – aug. 2021

    Utvikla interne verktøy for handsaming og generering av 3D-modellar.

    Utviklar · Sumarvikar

    juli 2019 – aug. 2019

    Bygde ein AR-app for iPad som visualiserer palleteringsroboten i fabrikkar hjå potensielle kundar.

    AngularThree.jsGraphQLHasuraDockerAzure

Dei siste åra har eg studert integrert master i datateknologi ved NTNU Trondheim. Mitt fjerde årstrinn tilbrakte eg på utveksling ved UCSB i California, USA.

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

Master i datateknologi · Visuell datahandsaming

aug. 2022 – juni 2027 · Trondheim

University of California, Santa Barbara

Utveksling, datateknologi

sep. 2025 – apr. 2026 · Santa Barbara, California

Ved sida av studiet har eg utvikla heimesider, nettapplikasjonar og Minecraft-plugins på frilansbasis. Sistnemnde er serverutvidingar skrivne i Java, både på oppdrag frå kundar og som open kjeldekode.

Utvalt prosjekt

Ein av dei mest populære butikkpluginane til Minecraft. Spelarar set opp sine eigne butikkar og kjøper, sel og byter varer. Nedlasta over 60 000 gonger, omsett til 5 språk og meir enn 80 femstjerners tilbakemeldingar.

JavaMavenBukkit API

Resten av prosjekta mine (inkludert denne sida) ligg ope på github.com/Bestem0r.

Send meg gjerne ein e-post om du har eit prosjekt, ei stilling eller berre vil ta ein prat.